Til stades: Arne Andor Randen, Svein Sæther, Gustav Ekre, Aase Skogum, Kari Mosebakken og Per Prestgard.
1. Grunnlova – 200 årsjubileum
Arne Andor orienterte om programmet i søre Aamodt 17. mai:
Song og musikk ved respektivt Ranglarkampen sangkor og Heidal Musikkforening.
Tale av Arild Teigen om eidsvollmannen Poul Tordson Harildstad
Planting av lønnetre
Kaffeservering
Etter spurnad frå Venneforeningen ved Heidalstun vil Arne fortelje om Paul Tordson Harildstad.
Per møter på komitemøte.
2. Busstur til Eidsvoll.
Laget arrangerer busstur 3. august. Pris for medlemmer Kr. 400 og kr. 800 for ikkjemedlemmer. Styret løyver kr. 16 000 til dekning av underskot.
3. Ope Helg medverknad.
Per orienterte om utstilling og demonstrasjon av verktøy og produkt etter Ymbjør og Semon Aaseng.
Arne ordnar med quiztevling.
4. Stell rundt Jo Gjendestatua.
I samråd med Ole Kristian Ødegard ordnar Svein med steinbed rundt statua.
5. Heidalsmaalet.
Styret uttrykkjer interesse for å lage ny utgåve av heftet Heidalsmålet med mogleg tillegg av ytterlegare ord og eventuelle rettingar.
|